Sandnes skule

Vår skule i Masfjorden!

Sandnes skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule. Skulen ligg nær kommunesenteret Masfjordnes i Masfjorden kommune, om lag sju mil nord for Bergen.

Hausten 2023 er elevtalet 59, med 18 elevar på ungdomssteget og 41 elevar på barnesteget. Skulen har fire-delt barnesteg og to klassar på ungdomssteget. Elevane er busette over eit område på ca. tre mil, og dei fleste elevane er avhengige av skuleskyss.

Den eldste delen av skulen var bygd i 1964 og var fram til 1980 sentralskule for ungdomssteget i kommunen. Våren 2000 tok ein i bruk eit nybygg med gymnastikksal, musikkrom, bibliotek/datarom og kjøkken. No er datarommet lagt ned, og kvar elev har eigen pc til bruk i læringsarbeidet sitt. Dette bygget er eitt av få her i landet med naturleg ventilasjonssystem og er oppført etter miljøvennlege prinsipp når det gjeld materialval og overflatebehandling.

Skulen har tilbod om SFO som er ope alle dagar med unntak av ei veke i året.

Frå hausten 2023 er det tilbod om leksehjelp for elevar i 5.-7.klasse tysdagar
og for elevar i 8.-10.klasse torsdagar, begge dagar frå kl. 14.00-15.30.

Sandnes skule sine lokale og uteområde vert og nytta av Masfjorden kulturskule, Masfjorden sjakklubb og Masfjorden idrettsskule, som har tilbod til elevar frå 2. klasse etter skuletid. Skulen sitt uteområde er romsleg og stimulerer til aktivitet. Skulen er også omgjeven av natur på alle kantar, som me kan gjere oss nytte av både i undervisning og på fritid.

Utviklingsarbeid
Sandnes skule har IKT som pedagogisk verktøy som sitt satsingsområde for skuleåret 2023/24. Me jobbar med å gjere oss klare til å ta i bruk ny læreplan for grunnskulen, og samarbeider med Høgskulen på Vestlandet for å kome godt ut av startgropa.